Om oss

Kompetansesenter for havenergi på Runde er eit av tre sentra med støtte frå Møre & Romsdal fylkeskommune. Dei andre to er Kompetansesenter for sol- og bioenergi på Tingvoll, og Kompetansesenter for vindkraft på Smøla.

Informasjon om fornybar energi

Hovudmålet med kompetansesentra er formidling til ulike målgrupper om produksjon og forbruk av fornybar energi. På Runde fokuserer vi på energi frå havet, men vi samarbeider med sentera på Tingvoll og Smøla om generell informasjon om energi og konkrete prosjekt.

Viktigaste målgrupper har vore skular, både elevar og lærarar, og publikum generelt. Dei seinare åra har fokuset vore dreia meir over mot næring og industri. I tillegg meiner vi det er viktig å formidle korrekt og nøktern informasjon til styresmakter, media og andre i det offentlege rom.

På Runde er havenergi av praktiske og økonomiske omsyn organisert som eit prosjekt i Miljøsenteret. Fleire tilsette ved Miljøsenteret gjev bidrag til Havenergisenteret og hjelp til etter behov.

Viktigaste sponsor er Møre og Romsdal Fylkeskommune, Regional-og næringsavdelinga. Der organiserer Energiregion Møre fleire aktivitetar rundt fornybar energi, samt olje og gass: http://mrfylke.no/Tenesteomraade/Regional-og-naeringsutvikling/Energiregion-Moere/Fornybar-energi

 

Kompetansesenter for havenergi er lokalisert på Runde
Kompetansesenter for sol- og bioenergi er lokalisert på Tingvoll
Kompetansesenter for vindenergi er lokalisert på Smøla