Sponsorar

Havenergisenteret får støtte frå både fylket og industrien. Industrisponsorane våre er viktige aktørar innan energi og marin teknologiutvikling. Samarbeidet med dei er viktig for utviklinga av havenergisenteret og for å få til kompetansebygging om fornybar energi i regionen. Eit av måla våre er å vekke interesse for teknologien bak havenergi, og dermed bidra til rekruttering av høgt utdanna kandidatar til sponsorane våre i åra framover.

Sponsorane våre

På denne sida vil vi presentere sponsorane våre. Vi oppmodar deg til å lese om dei og besøke heimesidene deira - dette er spennande aktørar med mange interessante prosjekt og oppgåver, og med gode karrieremogelegheiter for den som ønskjer seg jobb innan teknologi-fag.

Møre og Romsdal fylkeskommune

Vår desidert største sponsor er Møre og Romsdal fylkeskommune. Gjennom programmet "Energiregion Møre" har fylket oppretta tre ulike kompetansesenter. Fylkeskommunen bidrar med rundt 2.6 millionar kroner i drifts- og investeringsstøtte over tre år, frå 2010 til 2013. Les om
"Energiregion Møre" på fylket sine heimesider.

Tussa

Tussa Kraft AS er det lokale energiselskapet på Søre-Sunnmøre. Tussa er både kraftprodusent, energidistributør og leverandør av elektrisitet til privat- og bedriftskundar i regionen. Tussa produserer fornybar energi frå vasskraft ved fleire ulike anlegg på Sunnmøre, og i oktober 2011 startar også produksjonen av fjernvarme ved Ørsta Eldhus.

På Runde er Tussa involvert i uttesting av bølgjekraft gjennom "Maren"-prosjektet, eit samarbeidsprosjekt med svenske Vattenfall. Tussa står m.a. for lokal infrastruktur.

Tussa sponsar havenergisenteret i tre år, med totalt 300.000 kr.. Dei blir ein viktig samarbeidspartnar for oss også i utviklinga av testområdet ved Treholmane.

Rolls-Royce Marine AS

Rolls-Royce Marine er den leiande leverandøren av skipsdesign, utstyr og komponentar til skip av alle typar, både innan handelsskip, offshore- og fiskeri, og militære fartøy. Rolls-Royce Marine utviklar og produserer mesteparten av skipsutstyret dei tilbyr på Sunnmøre og/eller andre stader langs den norske vestkysten.

Rolls-Royce Marine er leiande innan utvikling av nye konsept og ny teknologi for m.a. framdrift av skip, og har mykje kunnskap som kan nyttast innan havenergi.

Rolls-Royce sponsa havenergisenteret med 100.000 kroner i 2010, og vil halde fram med det også i 2011 og 2012.

Vattenfall

Vattenfall AB er det nasjonale svenske kraftselskapet som både opererer kraftverk, distribusjonsnett og leverer energi til forbrukarar over heile Sverige. Vattenfall er ein stor internasjonal aktør innan forsking og utvikling av fornybar energi, m.a. gjennom vindkraftprosjekt rundt om i Europa.

Vattenfall har eit stort program innan utvikling av havenergi som ei framtidig energiform, og på Runde er dei involvert i "Maren", i lag med Tussa.

Vattenfall sponsa havenergisenteret med 100.000 kroner i 2010.

Herøy kommune

Herøy Kommune sponsa havenergisenteret med 100.000 kr. til oppstarten i 2010.

Herøy Næringsforum

Herøy Næringsforum administrerer dei statlege RDA-midlane for næringslivet i Herøy. Havenergisenteret fekk kr. 300.000 til drift og investeringar i 2010. For 2011 og vidare framover søkjer vi om fleire midlar frå Herøy Næringsforum. Dei skal brukast til oppbygging av utstilling og andre fasilitetar knytt til infosenteret på Runde Miljøsenter.

Stiftelsen Miljøansvar

Stiftelsen Miljøansvar deler kvart år ut midlar frå fondet sitt til prosjekt med fokus på ansvarlege haldningar til miljøet, formidling av miljøvern, og utvikling av miljøvennleg teknologi.

Frå Stiftelsen Miljøansvar har vi fått tildelt 20.000 kroner i legatmidlar. Vi skal bruke dei på modellar om havenergi i utstillinga, slik at gjestane våre får sjå og eksperimentere med havenergi på eiga hand.