Målsetting

Havenergisenteret ved Runde Miljøsenter skal utviklast til å ta rolla som den fremste nasjonale ressursen på kunnskap og informasjon om energi frå havet. Havenergisenteret på Runde skal vere den første staden ein tenkjer på for å søke informasjon om havenergi når ein treng det.
Vi skal jobbe for å spreie kunnskap om potensialet for utnytting av energi frå havet, og vi skal vekke interesse hos ungdom for å bidra til eit samfunn bygd på berekraftig energi og forsvarleg forvaltning av naturen.

Målgruppar

Dei viktigaste målgruppene våre er skular, både elevar og lærarar, og også publikum generelt. I tillegg meiner vi det er viktig å formidle korrekt og nøktern informasjon til styresmakter, media og andre i det offentlege rom. Ikkje minst skal vi vere ein ressurs for næringslivet og bidra til teknologi- og næringsutvikling innan havenergi.