Aktuelt

Det skjer mykje innan havenergi.
Her vil vi skrive om aktuelle saker som er interessante å studere nærare.

Studietur til Japan

25. mai 2016

Miljøsenteret var på tur til Japan i mai 2016 for å studere havenergi og anna marin forsking. Hovudmålet var Universitetet i Tokyo men det vart også tid til ein avstikkar sørover til Okinawa og den vesle øya Kumejima ein times flytur vest i havet.

På Kumejima står det eit OTEC anlegg som produserer om lag 100 kW elektrisitet kontinuerleg ved varmeveksling mellom kaldt djupvatn og varmt overflatevatn. Anlegget vart etablert i 2013 og er ein del av Deep Sea Water Center på øya. Etter at djupvatnet frå 600 m djup er nytta i OTEC anlegget går det vidare til andre foretak i senteret. Djupvatnet er attraktivt, både fordi det er kaldt og fordi det er sterilt og inneheld mykje næringssalt. Dermed kan det nyttast i kontrollert bioproduksjon på land, av algar, tang og tare, skaldyr, korallar og grønsaker. Noko av vatnet vert nytta til avkjøling av bygg, og noko vert avsalta, tilsett deler av dei ekstraherte salta igjen og seld som mineralvatn (helsekost). Eit anna selskap nyttar djupvatnet til å lage medisinar og kosmetiske produkt.

På denne måten bidreg eit havenergianlegg i dette tilfellet til å generere diverse tilleggsaktivitetar, sjå fotoet under. På området arbeider 300 personar og omsetninga er på fleire milliardar Yen. OTEC anlegget skal utvidast til 1 MW. Dette vil også gje meir djupvatn slik at bioproduksjonen kan aukast. Vi hadde møte på OTEC senteret og med 5-6 av verksemdene som utnyttar djupvatnet. Det var stor interesse for samarbeid med Norge, noko som Miljøsenteret vil følgje opp.

Lenker til meir informasjon:

Deep sea water research institute, Kumejima:
http://kumeguide.com/Industry/DeepSeaWater/ResearchInstitute/
Om OTEC:
https://en.wikipedia.org/wiki/Ocean_thermal_energy_conversion.

For meir informasjon, kontakt L. Golmen, 47890957.



Ny FN-rapport om havet

22. januar 2016

FN lanserte i dag den omfattande rapporten First World Ocean Assessment, som omhandlar status for maritim og marin aktivitet i verdshava, og korleis det står til med ressursane m.m. www.worldoceanassessment.org

Runde Miljøsenter har vore engasjert i arbeidet med rapporten.

Arbeidet med over 50 delkapittel har teke svært lang tid, grunna mykje byråkrati. Mange land har villa hatt eit ord med i laget, også dei utan kystline, seier Lars Golmen. Sjølv om perspektivet er globalt, trur eg at rapporten også vil ha interesse for folk og verksemder i Møre og Romsdal, som har auga retta mot havet, seier han.

Miljøsenteret vil etter kvart ta initiativ til å få presentert og diskutert aktuelle deler av innhaldet, med omsyn til ringverknadar både kunnskapsmessig og for næringslivet i regionen.

Du kan lese rapporten her.

Japansk besøk

7. januar 2016

Miljøsenteret hadde besøk av Yuji og Makiko Tanaka frå Universitetet i Tokyo 4-7 januar 2016. Yuji er professor i marin biologi ved universitetet. Han ønskjer samarbeid med Miljøsenteret, særleg innafor fagområda havenergi, tang og tare og fiskeriressursar.

Gjestane fekk sett seg rundt i kommuna og var m.a. om bord i Kings Bay og Havila Subsea, for orientering om slike moderne båtar.

Fotoet syner gjestane og Roger Kvalsund ved Marine Harvest sitt anlegg på Eggesbønes, der dei også fekk omvising.

Lars Golmen er svært nøgd med besøket og diskusjonane og skal snart til Tokyo for oppfølgjande møter omkring samarbeid og avtalar.



Bølgjekraft og miljøverknadar, ny rapport

Havenergi som bølgjekraft og tidevasskraft er ny fornybar, "grøn" energi, som representerer teknologi med anteke avgrensa negative miljøpåverknadar og positiv miljøgevinst. Dei negative miljøaspekta som måtte eksistere, må imidlertid belysast og ivaretakast både gjennom forstudiar, modellering, overvaking og kunnskapsforvalting. Det vil vere tale om både generelle og anleggs-spesifikke/lokalitets-spesifikke miljøpåverknadar. Runde miljøsenter med Lars G. Golmen er sentralt plassert i internasjonalt arbeid på dette området, gjennom IEA og ICES arbeidsgrupper.

Norge er engasjert i det internasjonale energibyrået IEA sitt arbeid innanfor havenergi og miljø. Dette er organisert i Anneks 4 under paraplyen (Implementing Agreement) IEA-OES: Ocean energy systems, der Norge v/NFR er offisiell medlem. http://www.ocean-energy-systems.org/

OES-Anneks 4 tek for seg havenergi og miljøet, miljøovervaking og miljøpåverknadar av ulike typer anlegg, seier Golmen. Annex 4 gruppa har representantar frå 13 OES-land og er leia av PNNL: Pacific Northwest laboratories i USA. Gruppa møter eit par gonger i året, oftast i tilknyting til konferansar. Annex 4 har fleire løpande oppgåver, m.a. å vedlikehalde og oppdatere ein database for havenergi og miljøpåverknadar; Tethys databasen: http://tethys.pnnl.gov/. Her er mykje nyttig informasjon samla, både over anleggstyper, eksisterande installasjonar og gjennomførte testar og demonstrasjonar, samt referansar til rapportar og publikasjonar frå teoretiske studiar og miljøovervaking. Mykje av dette vil vere nyttig også for offshore vind. Gruppa organiserer i tillegg workshops og utarbeider og oppdaterer Best practice dokument for miljøovervaking. Oversyn over internasjonalt regelverk, lovgjeving og arealplanlegging til havs står sentralt i arbeidet, og Golmen har nyleg samla inn data for dette for situasjonen i Norge.

Annex 4 utga i byrjinga av 2016 ein rapport, State of the Science, for det som er kjent av miljøeffekter av havneregianlegg og korleis desse kan overvakast og dokumenterast på beste måte. Boka tek for seg dei ulike påveknadsfaktorane (stressors) frå anlegg, slik som det den fysiske installasjonen representerer, støy og lyd i sjøen, eventuell forureining og elektromagnetisk felt (EMF). Overvakingsmetodikk vert omtalt for sjøpattedyr, fugl, fisk og annan pelagisk fauna, samt for botnfauna og tang og tare (påvekst) der det er aktuelt. Tethys databasen og den nye rapporten utgjer ein nyttig referansebase for Runde miljøsenter, avsluttar Golmen.

Du kan lese heile rapporten her: http://tethys.pnnl.gov/publications/state-of-the-science-2016

Her er lenke til det norske samandraget i rapporten: (pdf)

For ytterlegare opplysningar om havenergi og om Anneks 4, kontakt L.G. Golmen, tlf 47890957.

Langvegsfarande vitja senteret

3. november 2015

To forskarar frå universitetet på Hawaii vitja Runde denne veka. Dei arbeider ved Hawaii natural energy institute, http://www.hnei.hawaii.edu/, med fokus på havenergi og har hatt kontakt med RMS i lang tid. Professor Steve Masutani er ekspert på termisk havenergi, men arbeider også med energi frå marin biomasse, hydrogenproduksjon, metanhydrat og brenselsceller. Patrick Cross er ansvarleg for drifta på WETS testlokaliteten for bølgjekraft på austsida av Oahu øya. Dette er einaste testlokaliteten i USA med nett-tilknyting, og har dermed likskap med Runde.

Der er tre tilknytingspunkt på lokaliteten, med anker på plass. Eit anlegg (Azura) har produsert straum til nettet eit års tid, og eit nytt anlegg vil snart vere på plass og levere straum til nettet. Det vart utveksla informasjon om erfaringar og planar, med semje om å samarbeide om verifisering av straumproduksjon og miljøovervaking i samband med testing: overvaking av fugl og fisk og også faktorar slik som lyd i havet, som WETS har god erfaring med. Partane har intensjon om å inngå ein langvarig samarbeidsavtale, som inkluderer prosjektsamarbeid og utveksling av personell.

Foto: Steve Masutani og Patrick Cross framfor Runde Miljøsenter.



Konsesjon for eit bølgjekraftverk ved Runde

25. mars 2015

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) ga 22/9 2014 konsesjon for eit bølgjekraftverk som skal plasserast ved Runde sør for Måganeset.
http://www.nve.no/no/Konsesjoner/Konsesjonssaker/Andre-energianlegg/?soknad=3146&type=55

Anlegget er utvikla av svenske Waves4power, www.waves4power.com, og skal utplasserast hausten 2015.

Det flytande anlegget, som yter ca. 100 kW, skal koplast til el-nettet via den 2.5 km lange sjøkabelen inn til tilknytingspunkt ved Sæviksteinen på Remøya. Prosjektet er eit samarbeid mellom Waves4Power, Tussa Kraft og Runde Miljøsenter, samt internasjonale og lokale aktørar.

For meir informasjon, kontakt Runde Miljøsenter, tlf 4789 095


 

Studietur til Danmark

Måndag 9. mars 2015

Dei tre fornybarsentra i Møre og Romsdal, Tingvoll, Smøla og Runde deltok saman med koordinatoren for fornybar energi hos Møre og Romsdal Fylke på ein studietur til Danmark 10-12 februar 2015. Turen starta med besøk ved Universitetet i Aalborg, institutt for bygg og anlegg, senteret for Marin teknologi, som inkluderer forsking omkring havenergi, spesielt bølgekraft. Gruppa som arbeider med havenergi og tilknytta tema tel 18 personar, inkludert PhD studentar. Det vert arbeidd med bølgjekraft, hav-vind, molobygging og andre marine konstruksjonar. Dei utfører m.a. testing av hydrauliske modellar for bølgekraftanlegg, numeriske simuleringar av bølgeklima, driftsforsøk til havs og deltaking i ulike nettverk i Danmark og internasjonalt. Der vert også gitt undervising og utført konsulentoppdrag.
Danmark er langt framme når det gjeld forsking på bølgjekraft, og i Aalborg finst det ein bølgjetank for testar i skala ca 1/50. Avdelinga er med og utviklar ein testlokalitet i sjøen ved Hanstholm, og er også brukar av lokaliteten Nissum Bredning i Limfjorden. Under møtet var aktiviteten ved Runde miljøsenter innafor havenergi presentert, og i diskusjonen kom det kom opp fleire tema for mogleg samarbeid, både med Runde og dei to andre sentera. Dette vil bli følgt opp.

Nokre aktuelle lenker:
Avdelinga: http://www.civil.aau.dk/divisions/reliability/
Havenergi-gruppa: http://vbn.aau.dk/da/organisations/forskningsgruppen-for-boelgeenergi(aa905e08-cca4-4d88-817b-0eaa07d50d56).html

Etter Aalborg gjekk turen til Energiakademiet på øya Samsø, http://energiakademiet.dk/, som er omorganisert til eit sjølvforsynt samfunn når det gjeld energi, særleg vind og biogass. Gruppa avslutta med å vitje Nordisk folkecenter for vedvarende energi i Thisted, http://www.folkecenter.net/dk. Mange nyttige impulsar vart fanga opp og det vert jobba med oppfølgjing og med å etablere konkrete samarbeidsprosjekt med dei tre miljøa i Danmark.

 

Waves4power til Runde

Måndag 9. mars 2015

Det svenske selskapet Waves4power har utvikla eit bølgjekraftanlegg (OWC type), som dei har prøvd ut på svenske vestkysten med godt resultat. No ønskjer dei å plassere ut eit fullskala anlegg ved Runde for å prøve det ut i eit hardare bølgjeklima. Førebuingar er i gong og anlegget vil etter planen vere sett i sjøen på ettersommaren 2015.

Sjå meir om det svenske selskapet og deira konsept her: www.waves4power.com

Runde Miljøsenter med på skriving av FN-rapport

Torsdag 5. mars 2015

Lars Golmen ved RMS er utpeikt av UD/FN til å redigere kapittel 22 om havenergi i den omfattande UN World ocean assessment rapporten, som vert utgjeven sommaren 2015. http://www.worldoceanassessment.org/

Kapittelet er gjort ferdig og innsendt til FN-sekretariatet. I tillegg er Golmen reviewer på fleire andre kapittel boka, som blir svært omfattande, med over 40 kapittel. Arbeidet bidreg til å skape nye kontakter og nettverk innan havenergi og miljø for RMS.

 

Utnytting av spillvarmen frå Nyhamna

Torsdag 5. mars 2015

(Utdrag frå innlegg i Romsdals budstikke 8. august 2014)

Frå anlegget i Nyhamna vil det innan eit par år gå opp mot 300 MW energi rett i havet i form av brukt kjølevatn. Energien kjem frå kjøling av kompressorar og anna utstyr på anlegget, og motsvarar 3-4 Alta-kraftverk, eller mange gonger Istad Kraft sin produksjonskapasitet. Det er sett fokus på å få utnytta denne energien til noko nyttig, sjølv om den i utgangspunktet er lågverdig (varme). Fleire forslag blei presentert på Jazzgass konferansen i Molde nyleg, med utnytting til fiskeoppdrett, algedyrking, i drivhus og til tørking av flis m.m. Berre ein mindre del av varmen vil i praksis kunne bli utnytta på denne måten, men vil kunne bidra positivt med ringverknadar og ny næringsutvikling.

Eit alternativ som ikkje er utgreidd, er utnytting av varmen til elektrisitetsproduksjon. Dette kan skje i ein turbogenerator i ein lukka krets av eigna drivgass med varmeveksling mot varmt kjølevatn og kaldt sjøvatn, som i ei "omvendt" varmepumpe. Prinsippet er utnytta i havenergianlegg av typen OTEC (Ocean thermal energy conversion), og har vore prøvd ut fleire stader. Figuren illustrerer verkemåten. For å få økonomisk overskot er det rekna at ein må ha ein temperaturdifferanse på om lag 20 oC som finst mellom varmt overflatevatn og kaldt djupvatn i tropiske stok. I Nyhamna vil ein ha varmevatnet (28 oC) direkte tilgjengeleg for eit OTEC anlegg, og det kalde vatnet kan ein hente i sjøen like ved. Dermed vil både installasjon og drift bli rimelegare enn i eit konvensjonelt anlegg.
Den temodynamiske verknadsgraden for eit OTEC anlegg er låg, berre nokre få prosent. Så lenge drivstoffet er gratis, kan det likevel vere berekraftig, med god design og bruk av nyaste teknologi. Eit anlegg på land i Nyhamna vil kunne bli bygd rimelegare enn eit flytande anlegg, og det vil bli meir energieffektivt. Om ein reknar ein verknadsgrad på 5%, motsvarar dette ein kontinuerleg elektrisitetsproduksjon på 15 MW (15.000 kW). Dette er ikkje ubetydeleg, og motsvarer ¾ av Istad og NEAS sin snittproduksjon. Elektrisiteten vil operatøren kunne selge i marknaden eller nytte sjølv. Marknadsverdien kan dreie seg om t.d. 40 mill NOK (30 øre/kWh), evt 130 mill NOK ( 1 kr/kWh) pr år, avhengig av føresetnadar og reknemåte. Eit slikt OTEC anlegg vil kunne vere nedbetalt etter ca 3 år. Restvarmen vil framleis kunne bli nytta til andre føremål.

Lars G. Golmen, Runde Miljøsenter

 

OTECAfrika

Torsdag 5. mars 2015

Saman med Høgskolen i Borås i Sverige har Runde Miljøsenter etablert samarbeidsprosjektet OTECAfrica. Dette initiativet fremjar OTEC - Ocean Thermal Energy Conversion, som ein form for havenergi som utnyttar temperaturdifferansar i havet til å generere elektrisitet og også drikkevatn. Fleire kyststatar i Afrika har naturlege føresetnadar for å etablere OTEC anlegg. Sjå www.otecafrica.org.

Konferansen OTECMatters vart arrangert i Borås i oktober 2013. På konferansen deltok om lag 50 ekspertar av ulikt slag, frå mange land. Konferansen var ein suksess og også RMS fekk diverse publisitet i svenske riksmedia. Ei samanfattande bok frå konferansen, OTECMatters, vart lansert 2. mars 2015, her er lenke til digital versjon: http://hdl.handle.net/2320/14746

Om OTEC, så meir info her: http://www.havenergisenteret.no/categories/oceanEnergy/termisk.shtml

 

Bølgjemodell for Runde

Tysdag 24. februar 2015

I prosjektperioden er det etablert ein numerisk bølgjemodell for området rundt Runde, som også er operasjonell (det vert laga 48-timars bølgjevarsel 2 ggr/døgn).

Bølgjestyrke og –retning er i første omgang eit resultat av vind, men òg terrenget (bathymetrien) påverkar. På djupt vatn spelar ikkje botnen noka rolle, men når djupta kjem ned i om lag ei halv bølgjelengd oppstår friksjon mot botnen som etter kvart tappar bølgjene for energi, samt kan avbøye dei. Ettersom dei lengste havbølgjene kan vere fleire hundre meter lange, er dette effektar som i høgste grad påverkar bølgjebiletet i kystnære strøk. Merk at bølgjer på sjøen er ei overlagring av mange ulike bølgjefrekvensar, og at bølgjelengda for kvart bølgjeelement (frekvens) då er normalt vesentleg lenger enn det ein visuelt observerer som avstanden mellom to bølgjetoppar.

Meteorologisk Institutt brukar to typar bølgjemodellar: WAM (WAve Model) for havområder og SWAN (Simulating WAves Nearshore) for kystområder. WAM-modellen har i områda nær kysten ei oppløysing på 4 km, medan SWAN har ei oppløysing på 500m. SWAN vert berre brukt i Trondheimsleia og i Boknafjorden. http://met.no/filestore/metno_report_18_2010.pdf .

Området rundt Runde har ein variert topografi. Runde Miljøsenter har her i samarbeid med Meteorologisk Institutt fått etablert SWAN-modellen med ei oppløysing på 200m. Dette gjev eit finmaska bilete av bølgjeforholda i området. Dette kan vere nyttig i samband med plassering og testing av bølgjekraft, men òg ha interesse for fiskarar og båtfolk som vurderer ein båttur rundt fuglefjellet. Vi har hittil brukt resultata til å lage bølgjekart for utvalde tidspunkt, samt ein animasjon som viser forventa bølgjehøgde i området over ein periode på 45 timar. Modellen vert køyrd to gongar i døgnet.

Modellen baserer seg på faste djupnedata (topografi) for domenet, og varierande vind- og bølgjedata på ytre rand. Bølgjespektra frå WAM vert importert på denne randa, mens vind i området kjem frå UM4, ein atmosfæremodell med 4km oppløysing. Desse data vert produsert av Meteorologisk Institutt to gongar i døgnet, og vert gjort tilgjengelege for oss. Denne prosessen tek Meteorologisk Institutt ca. 4-5 timar.

Vi har installert SWAN på ein s.k. skyserver som hentar data frå Meteorologisk Institutt og startar ein ny SWAN-køyring når nye data vert gjort tilgjengelege. SWAN-køyringa tek i dag ca. 11-12 timar. Dette gjer at samla vert varselet ferdig først etter ca. 15 timar. Ettersom varselet går 45 timar fram i tid frå starttidspunktet, har vi no framleis 30 timar varsel fram i tid. Vi vurderer å investere i større datakraft for å redusere tidsbruken og dermed få ferskare varsel, dette kostar noko meir pengar. Etter at SWAN-modellen har gjort seg ferdig, vert datafilene frå den henta inn i eit Pythonprogram som lagar bølgjekart for utvalde tidspunkt, samt ein animasjon over bølgjevarsel over heile 45 timars perioden. Sjå figuren øvst, samt lenker under.

Vidare planar: Vi vil lage eit område på websida der vi legg ut til ein kvar tid oppdaterte bølgjevarsel for området her for utvalde tidspunkt, samt viser ein animasjon over utviklinga. Vi vil òg informere litt meir om bølgjer, og kvifor dei oppfører seg slik som dei gjer. Vi trur at både fiskarar og fritidsbåtfolk vil kunne ha nytte av dette varselet, samt at desse data vert lagra for ettertida og kan vere nyttige i samband med bølgjekraftetableringar og som demonstrasjon for studentar og besøkande.

Eksempel på bølgjevarsel ved Runde med SWAN modellen, dette er no operativt, sjå animasjon av siste varsel her: http://swan.rundecentre.no/animations/latest_animation.html

Fleire bølgjevarsel som figuren øvst kan ein finne her:
http://88.80.188.163/plots/

 

Runde Miljøsenter i Jiyujin Magazine

Fredag 24. februar 2012

Der vi seier "Energi frå havet" ville ein japanar seie noko slikt som "Umi kara no enerugi". I vinter fekk Runde Miljøsenter besøk av to journalister frå det japanske livsstilmagasinet Jiyujin Magazine. Dei var på ein rundreise i Norge for å sjå på korleis vi nytter fornybar energi her i landet. Dei starta i Hammerfest og fortsette sørover, med stopp undervegs i Alta og på Runde, før dei enda opp i Oslo.

Journalistane Toru Iwasa og Sanae Yoshizawa hadde med seg Rie Mitomo Krogh som tolk, og var på jakt etter inspirasjon til korleis Japan kan bevege seg mot ein energiforsyning der ein er mindre avhengig av kjernekraft og har større innslag av fornybar energi. Motivasjonen er naturlegvis lærdomen etter tsunamien i 2011, som viste japanarane at kjernekraft kan vere sårbart og tildels utrygt i tilfelle naturkatastrofar - spesielt jordskjelv og tsunamiar.

På Runde fekk Toru og Sanae møte Geir Arne Solheim frå Havkraft AS i Måløy, og Elling Dybdal frå Tussa. Geir Arne Solheim presenterte eit bølgjekraftverk utvikla av Havkraft AS, som han meiner har potensial til å levere store mengder energi til konkurransedyktig pris i løpet av relativt få år.
Solheim meiner at på same viset som vindturbinar i dag stort sett har konvergert mot eit designkonsept med tårn og tre vingar, vil det også innan bølgjekraft skje ein utveljing av 5-6 konsept som til slutt vil stå igjen som industristandarden innan bølgjekraftverk. Og Havkraft sitt konsept vil vere eit av disse 5 konsept.

Elling Dybdal frå Tussa AS fortalde om korleis Tussa produserer og leverer straum til kundane i vår region. Stort sett all straum Tussa sel til kundane sine er produsert på vasskraftverk i regionen, og Tussa har bygd, og fortsetter å bygge, nye kraftverk for å nå eit mål om å produsere all straum dei sel som rein fornybar energi. I tilleg til tradisjonell vasskraft er Tussa og involvert i søknader om vindparker i regionen, og dei har bygd fjernvarmeverk i ørsta som forsyner kundar med varme og straum frå eit flis-fyrt anlegg. I tillegg er Tussa interessert i å følgje utviklinga innan havenergi og er ein av sponsorane for havenergisenteret.

Til slutt fekk journalistane vitje dei tekniske installasjonane i Runde Miljøsenter for å få vite meir om ENøK-tiltak og korleis ein har valt løysingar som er med på å redusere energiforbruk og miljøpåverknaden frå bygget.
Vi håper sjølvsagt på at Jiyujin sine leserar finn inspirasjon i artikkelen og om nokon av dei skulle få anledning å vitje Runde sjølve får vi berre sei velkomen til Runde: "E yokoso Runde"

Lenkje til Jiyujin Magazine
Du kan og laste ned ein kopi av artikkelen i Jyiujin Magazine frå arkivet vårt: Jyiujin Magazine om fornybar egnergi i Norge (pdf, 4Mb)

Nytt initiativ innan utvikling av havenergi

Fredag 6. januar 2012

Lars Edvardsen og teknologifirmaet hans, Intentium, har gjennom fleire år utvikla eit konsept for bølgjeenergi. Intentium har no lansert eit nokså unikt konsept - dei har rett og slett gjort teknologien sin tilgjengeleg på eit vis som på mange måter er likt "Open source" programvare: OWEP - Open Wave Energy Project

Intentium har patentert sentrale deler av teknologien sin, men vil dele den med andre utviklarar i det dei håper kan bli eit opent samarbeid, der andre kan bidra med teknologi, eller til og med bruke teknologien til Intentium til å utvikle eigne varianter av bølgjekraftverk.

Dette initiativ er etter det vi veit unikt, og kan kanskje bli eit viktig steg mot å kommersialisere bølgjekraft? Det å opne opp for å dele teknologi, og oppfordre andre til å gjere det same, vil bidra til at fleire konsept konvergerar mot å bruke like tekniske løysingar, noko som på sikt vil bidra til å drive kostnadene nedover mot nivå som er meir konkurransedyktige med vindkraft og andre former for fornybar energi.

Les meir om initiativet og teknologien på www.owep.no

Seminar om havenergi for realfaglærarar

Tysdag 11. oktober 2011

Tysdag 11. oktober var 14 realfaglærarar samla til seminar om havenergi på Runde Miljøsenter. Tema for dagen var ressursane i havet, teknologien som utviklast for å hauste energi frå havet, og ein diskusjon rundt viktige samfunnsaspekt og føresetnader for å ta i bruk havet som energiressurs.

Disse tema er viktige å formidle til dagens ungdom - det er dei som vil oppleve ei verd i forandring, med mindre tilgang på fossile energikjelder og behov for å finne nye løysingar for å vidareføre vår energikrevjande levevis. Havenergisenteret er etablert nettopp for å sette fokus på slike saker og det er viktig for oss å kunne jobbe med skulane om korleis vi kan spreie kunnskap om alternative energikjelder innafor ramane i læreplanane.

Dei 14 lærarane fekk i tillegg til foredrag om havenergi også høyre Nils-Roar Hareide fortelje om Runde Miljøsenter og det unike økosystemet rundt øya, dei fekk høyre historia om Akerendam og vitja utstillinga av Rundeskatten med May Britt Haukås som guide, og dei fekk høyre havbiolog Annelise Chapman fortelje om metodikk og resultat innan miljøovervaking og feltmålingar som er gjort av Runde Miljøsenter. Til lunsj vanka det kvit bacalao som kjøkkensjef Rita Bakke hausta mykje skryt for.

Lysark frå dagens presentasjon kan du laste ned frå arkivet vårt.

Besøk frå Geofysisk Institutt, UiB

Mandag 12. september 2011

Måndag 12. og tysdag 13. september hadde vi besøk av 10 studentar og to professorar frå Geofysisk Institutt ved Universitetet i Bergen. Peter Haugan er ansvarleg for undervisninga innan oseanografi, og med seg hadde han Finn Gunnar Nielsen og 10 studentar. Dei kom til Runde for å få undervisning og for å sjå nærare på ein av dei få stadane langs kysten der det faktisk skjer testing av bølgjekraft.

Finn Gunnar Nielsen er både tilsett i Statoil og professor II ved Universitetet i Bergen. Han forelas om bølgjekraft og teorien bak bølgjeutbreiing. Han forklarte om mengdene energi i bølgjer, og korleis den kan fangast og brukast.

Reisefølgjet kom med fly og buss måndag formiddag. Ettermiddagen og kvelden vart brukt på forelesingar, fjelltur og ein betre middag på Runde Miljøsenter. Etter fleire forelesingar tysdag formiddag, gjekk turen med båt til Volda og fly vidare til Bergen. På bildet er gjengen akkurat på veg om bord i "Lophelia" som frakta dei til Volda.

E-Co Energi sjøsetter "Seahorse" ved Treholmane

Torsdag 1. september 2011

Torsdag 1. september sette E-Co Energi ut bølgjekraftverket sitt "Seahorse". Seahorse er eit anlegg av typen punkt-absorber. Det består av ein flottør knytt til ein generator på botnen. Anlegget er ein prototyp for å verifisere det mekaniske konseptet. Derfor er det ikkje kopla på straumnettet. All energi som blir produsert vert "brent av" på staden i ein motstand, men all energiproduksjonen blir målt og registrert.

Det er tatt i bruk mykje nytt utstyr i Seahorse, mellom anna

  • Bruk av SmartMotor™-teknologi
  • Oppspoling av tau til flottør etter "rullegardin-prinsippet"
  • Monitorering med kamera under vann for overvaking av anlegget

Generatoren frå SmartMotor har ein kapasitet på 3kW, basert på permanent-magnet teknologi. Der er bygd inn ein funksjon som jamnar ut straumproduksjonen. Derfor kan Seahorse sende ut straum med jamn spenning og frekvens på nettet, trass i variasjonane i bølgjeenergien. I tillegg er det ein ny tanke å bruke oppspoling av tauet mellom generator og bøye. Det gjer at ein får tatt opp slakk og kan kompensere for flo og fjøre.

Det var tidlegare direktør i E-Co Energi, Hans Erik Horn, som hadde den opphavlege ideen til Seahorse. Sjølve konseptet er utvikla i eit samarbeid mellom E-Co, SmartMotor og Sweco.

Effektiv operasjon

Vêret var gunstig på utsettingsdagen, med rundt 1-1.5 m signifikant bølgjehøgde (anslått) og moderat vind. BB Lifter gjekk frå Mjølstadneset kl. 07.00 og ankra opp ved Treholmane på ca. 60 djupne. Etter førebuingar om bord, gjekk Seahorse over rekka ca. kl. 12.30. Mesteparten av installasjonen vart gjort i løpet av eit par timar. Etter installasjonen av sjølve anlegget, vart det også sett ut ein måle/instrumentbøye. Den har kommunikasjonsutstyr for fjernovervaking av Seahorse via GSM-nettet. Det vart også lagt ut anker for ein bølgjemålingsbøye som skal settast ut av Runde Miljøsenter i nær framtid.

Skjær i sjøen

Utvikling av ny teknologi er ikkje enkelt, og i dette tilfellet fekk installasjonen dessverre kort levetid. Laurdag 3. september mista SmartMotor signala om produksjon frå generatoren, og forstod at noko kunne vere gale. Laurdag ettermiddag vart hovudbøya og ein del av undervassinstallasjonen funne drivande i sjøen nord for Grasøyane, tauet mellom bøya og generatoren var slite av. Det var roleg vêr, og ingenting tyder på at utstyret var underdimensjonert i høve til krafta i bølgjene. Det er heller grunn til å tru at problemet er av materialteknisk art og konseptet i seg sjølv ser ut til å vere godt.

E-Co Energi og partnarane deira vil no analysere måledata for dagane anlegget var i drift, for å vurdere om resultata er etter forventningane. Når det er gjort, blir det bestemt korleis prosjektet skal halde fram.

Ein god stad å teste

Testområdet som no er etablert ved Treholmane, nord for Runde Hamn, har potensiale til å fungere svært bra. Her er eit godt bølgjeklima, med både store og mindre bølgjehøgder ulike stader i området. Det er også veldig nær land med kort veg til nødvendig infrastruktur som kai-anlegg, skipsverft osb. Dermed kan utsetting, reparasjonar, forbetringar og anna vedlikehald gjerast raskt og kostnadseffektivt.

Området er vald ut i samråd med fiskarlaget for å redusere risikoen for konfliktar. Det at Runde Miljøsenter no har ein fast områdekonsesjon har også den fordelen at det er lite byråkrati knytt til utsetting av nye anlegg. Vi ser store moglegheiter for området framover, og håper at det blir eit viktig nytt tilskot til den maritime aktiviteten i området vårt.