Om havenergi

Havenergi er fornybar energi frå havet. Det er lagra store mengder energi i havet som vi kan bruke til varme og produksjon av elektrisk energi.

Ein enorm ressurs

Når sola skin på jorda, vert det overført store mengder energi. Strålingsenergien varmar opp både hav og land, og det oppstår vêrsystem i atmosfæren. Vinden skaper bølgjer, temperaturskilnader driv havstraumar, og månen sin masse påverkar sjøen og skaper flo og fjøre.
I prinsippet har havet potensiale til å forsyne oss med all energien vi treng. Føresetnaden er at vi klarer å fange den og ta den i bruk.

I utgangspunktet fokuserer vi på 4 ulike teknologiar for å hente ut energien i havet:

  • Bølgjekraft
  • Utnytting av tidevatn- eller havstraumar
  • Osmosekraft
  • Termisk energi

Av desse får som regel bølgjekraft størst merksemd. Den har mesteparten av energipotensialet, rundt 80.000 TWh pr. år. Men kanskje er det også bølgjekraft som er den vanskelegaste å utnytte? Det første patentet på bølgjekraft vart tildelt i 1799. I løpet av dei neste 200 åra har det blitt utvikla uendeleg mange prinsipp og patent. Men enno har vi ikkje sett verkeleg levedyktige konsept, og verda ventar framleis på det første store, kommersielle bølgjekraftverket.

Av dei andre energiformene har termisk energi det største potensialet. Dette er alt i bruk, i form av varmepumper som brukar sjøen som varmereservoar. Det blir også forska på OTEC - varmemotorar som produserer straum av temperaturdifferansar i sjøen.

Tidevasskraft og saltkraft har mindre potensiale enn bølgjekraft, men dei har den store fordelen at produksjonen kan planleggast. Flo og fjøre kjem på kjende tidspunkt, og saltkraft kan produsere jamn basislast døgnet rundt, året rundt.

Fire tidevasskraftverk er utvikla av norske firma. Eitt har vore i drift i 10 år, dei andre er i pilotfasen. Statkraft har bygd og sett i gang verdas første osmosekraftverk på Hurumlandet i Oslofjorden.

Norge har gode føresetnader for produksjon av energi frå havet. Det er store energimengder i bølgjene som treff kystlina, og den Nordatlantiske straumen gir oss isfrie farvatn og varme som kan utvinnast. Elvane som renn ut i havet kan brukast i osmosekraftverk. Det er lange maritime tradisjonar langs kysten, og derfor gode føresetnader for å utvikle og bygge teknologi som toler påkjenningane frå sjøen.

Du kan lese meir om dei ulike energitypane og teknologiane for å utnytte dei ved å følgje lenkjene på sida her.