Om tidevasskraft

Flo og fjøre kan gi oss forutsigbar energi i store mengder. Der tilhøva ligg til rette, kan energi hentast ut av tidevasstraumar. Også havstraumar har somme stader stor nok fart til at dei kan brukast til energiproduksjon. Totalt er det estimert at rundt 1.100 TWh kan produserast frå tidevass- og havstraumar årleg.

Stødig ressurs

Flo og fjøre er eit resultat av månen og sola si tiltrekking på hav- og landmassar på jorda. Når månen kretsar rundt jorda, vil massetiltrekkinga føre til at vassmassane blir trekt mot månen - havet blir ovalt, og vi får flo både på den sida som vender mot månen, og på den motsette sida. I område som er vinkelrett på retninga mot månen får vi fjøre, fordi vatnet herfrå blir trekt vekk.

Dermed får vi i dei fleste område flo ca. kvar 12. time, og fjøre midt imellom, altså 6 timar etter flo. Vatnet i hava fordeler seg etter flo og fjøre, men må også strøyme rundt land og gjennom djupe og mindre djupe havområde. I område med dei rette tilhøva av store havvolum, geometri og botnforhold langs kysten, er det store skilnader på flo og fjøre. I andre delar av verda er der knapt nok forskjell.

I Norge er skilnadane på tidevatnet størst i nord. Her er det fleire gunstige stader for utplassering av tidevasskraftverk, til dømes i tronge sund eller fjordmunningar. Her vil straumen snu ca. kvar 6. time, og ein kan derfor vite med stor sikkerheit når eit tidevasskraftverk vil produsere maksimalt.

Kjent teknologi

Tidevasskraftverk er stort sett basert på to relativt velkjente prinsipp:

Ved å bygge ein demning tvers over t.d. ei fjordmunning, kan ein demme opp for tidevasstraumen og sleppe den kontrollert gjennom turbinar som produserer straum. Dette er i prinsippet veldig likt kraftproduksjon i elver som er demma opp, men turbinane er av ein annan type fordi fallhøgda er avgrensa.

Tidevassmøller er i prinsippet lik vindmøller, og består av ein eller fleire propellar som driv ein generator. Dei blir plasserte i sund eller andre område med sterk straum. Tidevassmøller kan anten vere fastmontert på botnen eller flytande konstruksjonar.

Norske aktørar

I Norge er det fleire ulike firma som jobbar med tidevasskraft. Fire kjente anlegg er i drift eller i ulike stadium av utvikling:

Dei tre møllebaserte konsepta brukar alle kjente prinsipp frå vindmøller på land. Hovudutfordringa for utviklarane er å få til anlegg som er robuste nok, og samtidig økonomisk lønsame, både med tanke på installasjon og drift / vedlikehald. Storleiken på den enkelte mølle er oftast eit kompromiss mellom å ha størst mulig rotordiameter, og sterke nok blad som toler belastningane frå turbulens, kavitasjon og evt. kollisjon med flytande objekt i vatnet. Om produksjonskapasiteten skal aukast, skjer det vanlegvis ved å installere fleire tidevassmøller på ein gitt bestemt lokalitet.

Det siste konseptet til Aqua Energy Solutions er veldig ulikt dei andre. Det er basert på segl som går på ein "endelaus" streng mellom to trinser. Tidevasstraumen skaper eit hydrodynamisk løft på segla, som så driv strengen rundt. På trinsene er det montert ein generator. Auking av kapasiteten kan skje ved å gjere spennvidda på løypestrengen større (og auke talet på segl), eller ved å installere fleire anlegg i serie.

Hammerfest Strøm tidevassmøllepark
Hydra Tidal Morild II tidevassmølle
Moonfish Power tidevassmølle
Aqua Energy Solutions tidevass-segl