Bruk havenergisenteret

Kompetansesenter for havenergi skal vere ein ressurs for dei som vil lære meir om fornybar energi frå havet. Vi tilbyr ulike arrangement og tenester for skular, industri og publikum generelt.

Nyttig informasjon om eit viktig tema

På havenergisenteret skal vi samle og gjere tilgjengeleg den kunnskapen som finst om havenergi og tilhøyrande emne. Fornybar energi er eit høgaktuelt tema, men dessverre er det ikkje alltid enkelt å finne korrekt og oppdatert informasjon. Vi kan ikkje vite alt, men vi har som mål etterkvart å kunne gi gode svar på dei fleste spørsmål om havenergi og fornybar energi generelt.

Ein ressurs for skulane

Kompetansesenter for havenergi skal vere ein ressurs for skuleverket. Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer å styrke satsinga på realfagundervisning i skulane, og det er mellom anna derfor dei tre kompetansesentra i fylket er oppretta. Vi kan ta imot besøk av skuleklasser, arrangere ekskursjonar med ulike tema, og vi kan kome på besøk til skular for å halde foredrag eller bidra til undervisninga i realfag på andre måtar.

Fagressurs innan havenergi, oseanografi og marin biologi

Har du ein idé om eit nytt konsept innan havenergi, men treng hjelp til tekniske spørsmål, designevaluering, innsamling av data, vurdering av miljøpåverknader eller liknande?

Vi kan hjelpe deg å kome vidare!

Vi har tilsette med spesialkompetanse innan oseanografi, marin biologi, kjemi og mekanisk konstruksjon. Til saman har vi brei erfaring frå ulike bransjar og fagdisiplinar. I tillegg har vi bygd opp kompetanse og erfaring med søknadsskriving og saksgang mot styresmaktene, miljøovervaking, konstruksjon og materialteknologi, og ikkje minst innsamling og måling av prøver frå sjøen.

Testsenter for bølgjekraft

Runde Miljøsenter har fått tildelt konsesjon på eit sjøområde nordaust av Runde hamn. Der kan vi på kort varsel sette ut og teste bølgjekraftverk eller andre installasjonar. Det kan bety vesentlig redusert saksbehandlingstid for dei som utviklar havenergianlegg. Samtidig kan vi tilby måledata og overvaking av området og installasjonane.

Vêr- og bølgjedata

I samband med utvikling av testsenteret ved Treholmane, arbeider vi også med eit tilbod om logging av ulike vêr- og bølgjedata. Vi har ein vêrstasjon i Runde hamn tilgjengeleg allereie, og vil etter kvart sette ut ein målebøye for bølgjedata som skal ligge permanent i testområdet. Målingar frå desse vil på sikt bli lagt ut på nettsidene. Følg med.