Besøk havenergisenteret

Kompetansesenter for havenergi er lokalisert på Runde Miljøsenter, på fugleøya Runde. Du er velkomen til oss for å oppleve naturen, få kunnskap om havet, havenergi, økosystem og miljøvennleg teknologi.

Runde Miljøsenter

Runde Miljøsenter er ein internasjonal miljøforskingsstasjon, eit formidlingssenter og ein møteplass for kurs, seminar og konferansar. Den offisielle opninga var i oktober 2009. Senteret ligg i eit freda og svært sårbart naturområde, og har det fremste innan miljøteknologi. Heilt frå dei første teikningane har det vore fokus på miljøvennlege byggemateriale, energieffektivitet, vass-sparing og gjenbruk av eige avfall og avløpsvatn.

Der havenergien finst...

Kompetansesenter for havenergi er lokalisert på Runde Miljøsenter fordi vi her er nær havet og kan oppleve storbåra rett utanfor vindauga. Fleire ulike firma har hatt, eller er i ferd med å planlegge testing av bølgjekraftverk ved Runde. På dagar med store bølgjer er det lett å sjå at her er det store krefter i sving.

På Runde Miljøsenter går det føre seg forsking innan marin biologi, oseanografi og samanhengane mellom ulike økosystem i havet og på land. Dei dyktige fagfolka deler gjerne den tverrfaglege kunnskapen sin med besøkande.

Utstilling om havenergi

I løpet av dei neste åra skal det byggast eit omfattande informasjons- og opplevingssenter ved Runde Miljøsenter. Her blir det utstillingar om havenergi, om Rundeskatten og Akerendam-forliset, om fugl og fuglefjell, kystkultur, økosystem og mykje meir.
Vi samarbeider med profesjonelle utstillingsdesignarar og modellbyggarar for å skape utstillingar som blir heilt unike. Følg med på framdrifta på nettsidene våre.

Moderne fasiliteter

Runde Miljøsenter held til i eit heilt spesielt bygg, som er designa og bygd med miljø i tankane frå første strek på papiret. I bygget er det brukt kortreiste materiale, det er lagt til rette for miljøvennleg oppvarming. Der er overvaking av inneklima, og miljøvennlege møblar og interiør i samsvar med "Cradle 2 Cradle"-filosofien.

I hovudbygget har vi kafé, møterom og auditorium med plass til over 100 personar. Ved senteret er det også bygd åtte moderne leilegheiter med totalt 40 sengeplassar som vi leiger ut. Vi er spesialistar på å legge til rette for konferansar og fagseminar, der gode matopplevingar, unik natur og frisk luft kan kombinerast med fagleg påfyll og informasjon om forskinga ved senteret.