Infosenter og utstilling

I løpet av dei neste åra skal det byggast eit omfattande informasjons- og opplevingssenter ved Runde Miljøsenter. Her blir det utstillingar om havenergi, om Rundeskatten og Akerendam-forliset, om fugl og fuglefjell, kystkultur, økosystem og mykje meir.

Havstraumane

Havstraumane er sjølve fundamentet for alle fagområda som utstillinga skal omhandle. Fagområdet vil prege både det lyse og det mørke utstillingsområdet i ulike former.

Den varme Golfstraumen og den næringsrike Kyststraumen smeltar saman utanfor Runde og dannar vassinntaket til Norskehavet. Den varme straumen følgjer Norskekysten og gir oss det milde klimaet. Sollyset om våren startar algeoppblomstringa som er grunnlaget for det rike livet i lufta, og i havet ved Runde.

Dyreplankton beitar på planteplankton, fisk og sjødyr beitar på dyreplankton, fugl og menneske fangar fisk. Verdas største sildebestand kjem hit for å beite og gyte.

Havstraumane er pulsårane på jorda. Sjøfarande har til alle tider følgd havstraumane for å få ekstra fart under kjølen, men havstraumane kan også vere farlege for skip som mister styringa.

Eit levande måleri

Det opne utstillingsrommet har ei spetakulær utsikt. Vindauga fungerer slik at hav, vêr og vind vert som eit levande galleri. Vindaugsopningane er som stadig skiftande måleri. Utstillinga av dei ulike fagområda tenkjer vi i ei utforming som speler på lag med arkitekturen. Utstillinga skal føye seg audmjukt inn, - slik at totalbiletet vert harmonisk.

Element i det opne rommet:

Under havet

Inne i det mørke rommet finn vi oss sjølve under havflata. I taket illuderer vi havstraumar i eit td. transparent stoff, - som bølgjer seg innover rommet. Ein kan her spele på lyseffektar der sollyset bryt ned igjennom havoverflata. Ein kan også køyre 360° film frå tak, veggar og golv. Ein film som ikkje inneheld for mykje biletstøy, men som styrkar kjensla av å være under havoverflata.

I dette rommet vil vi fokusere på Rundeskatten, "skipsulykker/vrak og "los og fyrhistorie". Rommet er mørkt og eignar seg godt til å spele på dramaturgiske grep ved hjelp av td. lys, lyd og film.

Element i det mørke rommet er mellom anna:

Vi gler oss til å ta imot deg i infosenteret vårt!

Illustrasjon av utstilling i det opne rommet

Grafikk på segl

Silda er sentral i økosystemet